Natalie Uranes

 

Hei!

Mitt namn er Natalie Uranes. Eg har ein IT-bachelor med spesialisering innan Interaktivt design frå Westerdals Oslo ACT. Med denne bakgrunnen er eg ein systemutviklar med eit sterkt brukarfokus, som jobbar godt opp mot UX og design.

Sidan august 2017 har eg jobba som Software Engineer, med spesialisering innan frontend utvikling, hos Sopra Steria. Mitt fokusområdet er frontend utvikling, men jobbar også med backend utvikling, samt noko interaksjonsdesign.

Det eg likar best med mitt yrkesval er at eg får bruke mine kreative evner, samtidig som eg utviklar gode brukaropplevingar. Eg har alltid vore ein kreativ person som likar å skape ting.

Gjennom mine studier har eg lært kor viktig brukaren er for sluttresultatet. Synast det er interessant korleis mennesker tenker og løyser ting på ulike måtar.

I fritida drive eg blant anna med fotografering. Ta gjerne ein titt på nokon av mine bilder på flickr.